Stangvik
Stangvik er ei lita bygd som ligg ved Stangvikfjorden i Surnadal Kommune. Det er i underkant av 100 fastboande her, men også eit serdeles aktivt hyttemiljø, så det er mange som føler seg som "Stangvik-garingar".
Som kyrkjestad har Stangvik ei fleire hundre års historie. Kyrkjegarden er frå middelalderen. Frå gamalt av, då sjøen var hovedferdselsåra, var Stangvik eit sentrum på Nordmøre. På gamle kart som heng i både Vatikanet i Roma og på Ringve museum er Stangvik ein av dei ytterst få stedsnavna opptegna i midt-Noreg. i 1963 vart Stangvik kommune delt i tre, og vart ein del av Surnadal kommune. Men spør du ein Stangvik-garing om for eksempel kor Stangvikfjorden ender, vil han seie at den startar i Todalen, og ender ca ved den enngelske kysten.
Bygda er kjent for særdeles fruktbar jord og mildt klima, noko som gjer at våren og grønne lier er tidlegare her enn i områda rundt. Når snøen forsvinn rundt påsketider, fargar enorme mengder ramsløk skogbunnen grønn, og den friske lukta av løk brer seg når ein går i skogen. Når hausten kjem, bugnar den samme skogen av sopp, bær og adre vekster. Bildet er av ei utstillingsåpning på Bondehuset, Stangvik si storstue.

Stangvikfestivalen
Stangvikfestivalen, her representert ved styret, er ein kammermusikkfestival med "noko anna", som arrangerast i Stangvik kvart anna år. Den starta i 1996, og har hatt utallige fantastiske musikkarar, skodespelarar og kunstnarar frå inn og utland på besøk. Basen for festivalen er i Bondehuset, foramlingshuset i bygda. Her er det plass til ca 250 glade tilhøyrarar. I tillegg har festivalen konsert her på prestegarden, i kyrkja, i Todalen og Bøfjorden (nabobygder) pluss enno meir. Tradisjon tru avsluttasr festivalen med fotballturnering. Det er nok noko av grunna til at det er festival kun kvart anna år :-)