Historien
Prestegarden i Stangvika har no fått nytt liv gjennom det entusiastiske «Kultur-spinneriet». Det er bra. For dette huset har litt av ei kulturhistorie å føre vidare!
Den staselege låna frå 1786 gjømmer mykje kulturhistorie. No får ho nytt liv.
(Foto Bernt Bøe 2004)

Stavkyrkja og prestegarden brann i 1783
Stangvika var stor kyrkjestad frå 1400-talet og dessutan i fleire hundre år samfunnssentrum på indre Nordmøre. Første kyrkja der brann opp hausten 1783. Også prestegarden «som bestod av tvende store Laaner samt en Borgstue, et Ildhuus og et Gaasehus»gjekk opp i røyk – «tilligemed den store Rigdom og Herlighed, som i den Tiid var i Præstegaarden». Enda verre: «Provstens Stuepige Kathrine Larsdatter fra Ørkedalen blev der indebrændt og ynkelig maatte sætte Livet til.» For ikkje å nemne kyrkjebøkene og alt det historiske materialet som ettertida gjekk glipp av.
Heiter du Hallvard ellere Gudmund?
Også folka frå den første prestegarden har sett spor etter seg. Når det enno i vår tid er mange her ikring som heiter Hallvard og Gudmund, er desse – etter Hans Hydbakk si meining – «oppkalla» etter prestar med same namn. Den første, «sira Haluardar i Stangarwyk», var prest her på 1400-talet. Og den som styrte den vanskelege overgangen frå katolsk til luthersk lokalkyrkje, var Gudmund Svendsen. Han var Stangvik-prest frå 1524 heilt til 1568 og ein uvanleg klok og folkekjær kyrkjeleiar. Så heiter du Hallvard eller Gudmund, kan du ha namnet etter ein av desse!
Hjartelag og omtanke rådde i huset seinare og, som da sokneprest Arent Harder og kona Anna Margrethe i 1734 testamenterte store midlar til «fattige Børns Oplærelse». Og dette skjedde fem år før skulegang for alle vart lovfesta ved forordninga om Almueskolen (1739).
«Af en prestefamilies krønike»
Ny kyrkje, «korskyrkja», vart bygd i 1784 og stod til 1896. Den nye – og noverande – prestegarden kom i 1786. Og viss dei over 230 år gamle veggene her kunne fortelje, så vart det ein lang og trøysam kveld!
Mange av dei som budde her, og ikkje minst berømte gjester som kom hit, var kulturpersonar verdt å minnast. Prestane Joachim Fredrik Aussig (frå 1784) og Nikolai Olaus Tønder (prest 1797-1827) hadde begge fartstid som danske marineprestar. Fredrik Heyerdahl styrte embetet i heile 37 år (1828-1865) og var dertil både politikar og bjørnejeger.
Gjennom Rasmus Brochmann Parelius (prest 1865-1870) har miljøet i Stangvik prestegard fått ein aldri så liten plass i norsk litteratur. Mykje tyder nemleg på at diktaren Amalie Skram hadde vår gamle prest i tankane da ho skreiv romanen «Mennesker» (1905). Ho kjente til hans tidlege prestetid på Sunnmøre, og broren hennar, Johan Ludvig Alver, fortel i dagboka si om tida da han var huslærar hos prestefamilien Parelius i Stangvika. Slik har han fortalt søstera om denne presten og om livet her på 1860-talet. Noko av dette pregar utan tvil skildringane
i romanen.

Dotter til Parelius, Hanna Wille, gav i 1912 ut boka «Af en prestefamiles krønike». Rasmus Brochmann Parelius vart i 1857 prest i det nyoppretta soknet Rindal, da dette vart utskilt frå Surnadal.
I 1865 flytta familien derifrå til «det yndige Stangvik, med sit sydlandske klima og sin deilige vegetation», slik Hanna Parelius Wille skriv i boka. Og no opplevde dei nye ting, om enn vi i dag kanskje ikkje tykkjer det er så stort:
Her fekk familien si første parafinlampe, les vi. «Og den gav jo et herligt lys, sammenlignet med det enslige talglys vi alle til daglig sad rundt i Rindalen». Nytt var også «kjøbegardiner» forutan sengeteppe og dyner, mot tidlegare tiders skinnfell og halmmadrass. Ho skriv lite frå Stangvika, men dess meir frå Rindalen.

Kulturtreff med Lars Mo og diktarpresten Richardt
I si prestetid (1870-1884) heldt Lorentz Peter Elster stort og gjesfritt folkhus. Med familie, ni tenestefolk, husjomfru og eiga lærarinne (Josefine Petrovna Blichfeldt) var dei 22-saman! Og ofte var kjende gjester på besøk.
Elster arrangerte innhaldsrike kulturkveldar i prestegardsstua. Eit glimt av dette gir Johan Brodtkorb Borchgrevinck i heftet «En gammel byfogds barndomserindringer» (1934). Han var oppvaksen på Kvanne og skriv i heftet om kyrkjefart på sjøisen, om presten Elster og familien hans, om sosieteten i Stangvik sokn, om lekpredikantar, sildenotdrift, lysestøyping, baking av fattigmann, straff for pretter og påfunn, skulegang med huslærar og om jakt og ymse dagleghendingar.
Og så fortel Borchgrevinck om ein storkveld i prestegarden. Den danske nasjonaldiktaren Christian Richardt (1831-1892; kjend for m.a. salmen «Alltid freidig») med følgje besøkte Elster; det må ha vore rundt 1875. Blant inviterte bygdefolk var bonden Lars Mo (1817-1890) – ein personlegdom som Borchgrevinck omtalar slik:

«Han eiet nabogården Moe og kom ofte til Kvanne på besøk. Jeg ser
ham for meg som en høi, mager, duknakket mann med en skarp,
krum nese og tynt hår og i munnen en liten tresnadde hvorav han
røkte skråtobakk. Han spyttet stadig, og når mor satte frem spyttebakken
for ham, skulte han ufrivillig til den og sa: - Ta bort den
koppen, frue, ellers kommer jeg til å spytte i den.»
Lars Mo las mykje, både religiøs og borgarleg litteratur, og han må ha
vore uvanleg kunnskapsrik. Byfogden skriv:
«Det fortaltes at han en gang i prestegården under en diskusjon med
den kjente danske prest og dikter Richardt gjorde denne og hans
danske ledsager himmelfallen av forbauselse ved å citere Platon!
Gresk kunde han selvfølgelig ikke, men han hadde lest Platon i oversettelse.»

Diktaren (Ernst) Christian Richardt er hos oss mest kjend for salmane
«Du som freden meg forkynner», «Du som veien er og livet», «Nå lukker solen sitt øye» og særleg «Alltid freidig».
Originalteksten til sistnemnte salme finn vi i Richardt sitt syngespel «Tornerose» (1867) der han byggjer på det kjente Grimm-eventyret med same namn. Richardt tolkar den fanga Tornerose som bilete på mennesket si sjel, medan og prinsen i eventyret symboliserer den frigjerande, frelsande Kristus. Og det er når prinsen (Kristus) går inn i den farlege borga for å vekkje og befri Tornerose, medan vonde ånder ropar hatefullt rundt han, at han modig syng «Alltid freidig, når du går veier Gud tør kjenne». Slik endar syngespelet med at dei to omfamnar kvarandre i stor lykke.
Frå Richardts litterære produksjon nemner vi elles andre syngespel - forutan teksten til den danske nasjonaloperaen «Drot og Marsk», mange songar, antologiar, reiseskildringar og samlinga «Kantater og Digte». Han var også ein pioner for den danske korsongrørsla utover 1800-talet.
I alle fall: Vi skulle gjerne ha vore til stades i prestegardsstua i Stangvika den gongen da diktaren bak «Alltid freidig» drøfta litteratur og filsosofi med Lars Mo. Og da Kvenna-bonden sitere Platon!

Ebbesen, Knut Aarnes, Martinus Røkkum og Bjørnson
Just Bing Ebbesen var prest i Stangvik 1884-1891. Sjøl om han hadde permisjon fleire av desse åra for å representere Venstre på Stortinget, sette han tydelege spor etter seg i prestegjeldet.
Seinare lærar Knut Aarnes gjekk i første konfirmantkullet til Ebbesen (1885). Han skreiv ned ein del minne om presten og familien. Det går tydeleg fram at også på fritida slo Ebbesens an tonen i Stangvika. Presten heldt foredragskveldar, fortel Aarnes: «Det var opplysande foredrag for gamle og unge, og skulestova var full av konfirmantar, ungdom og eldre frå krinsen.» Og når dei feira sankthans med folkefest og storbål på Svissholmen: «Fru Ebbesen og husjomfrua hennar, frk. Magda Brandt frå Surnadal, koka kaffe på ein veldig kaffekjel og servera kaffe og kavringar og kveitebrød til konfirmantane og – så vidt eg kunne sjå – til dei andre frammøtte frå Stangvikbukta.»
Fru Agnes Ebbesen var pianist, og mannen inviterte Knut med venner på huskonsert: «Vi vart so førde inn i storstua, der fru Ebbesen sette seg til pianoet og spela ein heil del for oss – kjende og framande norske og utanlandske melodiar. Etterpå fekk vi kaffe og brød.» Og enda meir gjorde inntrykk: «Deretter tok presten oss med ut på det fine gardstunet. Der fann han fram kuler, køller, bøyler og to endestokkar og lærte oss å spela crocket. Soleis leikte han seg saman med oss som ein hyggeleg kamerat og let oss ikkje merke at han i intellektuell utvikling stod så uendeleg høgt over oss.»

I vennekretsen til Ebbesen finn vi også diktarkjempene Aleksander Kielland og Bjørnstjerne Bjørnson. Hos desse fekk han støtte når det butta imot fordi han var teologisk liberal. Av biskop Laache vart han beden om meir «prestelig Optreden». Til det svara han: «Men hvor blir det da av Ebbesen?»
Den etter kvart kyrkjekritiske Bjønson sa det slik: «Jeg hater alle prester – så nær som Just. Og han er jo ingen prest!» Men diktaren lika seg i Stangvika og var imponert over naturen. Ein dag han sat ovafor prestegarden sa (eller noterte?) han: «Der er intet sted i Norden, for ikke at sige paa Jorden, som Stangvig og Stangvigfjorden!»
Etter eit Stangvik-besøk tok Bjørnson rutedampen «Mørejarlen» (med kaptein Olaus Kvande) utover til Kristiansund. På turen var også den kristenkonservative Martinus Røkkum med. Ebbesen presenterte han som sin gode venn, sjøl om han kalla Røkkum for ein «pietistisk Oftedøl». På turen kom det til heftige diskusjonar mellom diktaren og pietisten. Røkkum skreiv seinare om dette og hugsa at Bjørnson sa følgjande: «Jesus Kristus setter jeg høyest av alle som har levd (...), men Gud var han ikke!» Dei skildest dog som gode venner, og Bjørnson uttrykte stor respekt for bonden frå Rykkjem.
Det har elles vore hevda at Bjørnson også besøkte Rønnan i Stangvika. Utan å påstå for mykje trur eg at det i så fall må det ha vore i den Rønna-stua som kulturkjempa og kyrkjesongaren Christen Bruseth overtok i 1877. Etter at Christian sin sønn Fredrik («Gullkongen») kom att frå Alaska i 1901 og bygde dei noverande husa i Rønnan (1907), reiste nok ikkje Bjørnson på desse trakter lenger.

Biletet her viser eit artig treff sommaren 2016. Nils Bing Ebbesen (t.h.) er barnebarn av presten. Til venstre, med foto av Nils sin bestefar, Just Bing Ebbesen, til sit Svein Aarnes. Og han er barnebarn av nemnte Knut Aarnes, som skreiv så vakkert om konfirmantpresten sin. Nils sit med barneportrettet av si tante Henriette Ebbesen. Måleriet er laga av Stangvik-kunstnaren Dorothea Follestad (1855-1921) og var nominert til Høstutstillingen i si tid. Da det vart refusert av Christian Krogh og dei andre i juryen, greip sjølvaste regjeringa (Sverdrup) inn og sørga for at måleriet av prestedottera vart utstilt! Nils Ebbesen sette stor pris på å få besøke bestefarens kyrkje og prestegard i Stangvika denne sommardagen.

Dorothea Follestad
Frå andre kjelder hører vi om selskapskveldar hos prestane på garden. Familien til lensmann Ingebrigt Follestad var av dei som deltok – det gjeld både den store kunstnarinna Dorothea (sjå førre sida), søstera Ragna og broren Bernt, som også var pianostemmarog sørga for at instrumentet klang godt når både fru Ebbesen og andre trakterte tangentane. Søskena har spesielt nemnt den fantastiske rømmegrauten dei fekk servert her!
For nokre år sidan fann eg i kjellaren i prestegarden denne blyanttegninga frå Dorothea Follestad si hand. Den viser Stangvika med korskyrkja (før 1896) og er sikkert ei gåve til Elster eller (helst) Ebbesen.

Frå dei tallause familiane som gjesta prestegarden i gamle dagar, kunne vi ha lista opp mange. Ei av dei vi må nemne, er kvinneforkjemparen, sosialreformatoren, offiseren i Frelsesarmeen og «mor til julegrytene», Othilie Tonning (1865-1931).
Frå ho var 9 år til midt i 20-årsalderen hadde ho heime i Stangvika – der faren dreiv handel i husa som seinare vart kalla Waxvik-garden. Og som ei av Frelsesarmeens største profilar har ho utan tvil fått med seg mykje godt tankegods frå miljøet her. Som dette:
«Jeg prøver alltid å huske på, når jeg møter mennesker som har sunket dypt, at det er en sjel bak de fillete klær og de stygge manerer, at gnisten til et evig liv er lagt ned i ethvert menneske.»
Prestegarden sentral i trafikknutepunktet Stangvik
Mange kjendisar reiste via Stangvika den gong hovudvegen frå Trondheim til Bergen og Kristiansund gjekk her. Men om slike som kong Christian V (1685), sønnen Fredrik IV (1704), Eilert Sundt og Ole Vig (båe samtidig sommaren 1848) var innom prestegarden, kan vi ikkje bevise. Utenkjeleg er det likevel ikkje at nokon av dei var her.
Eit hyggeleg besøk frå sommaren 2016 er nemnt tidlegare i artikkelen. Nils Ebbesen, sønnesønn av presten, tok ein visitt hit. Inne i dagens kyrkje kunne han sjå mykje av interiøret frå korskyrkja i farfarens tid. Svein Aarnes gledde Nils Ebbesen med notata frå bestefarens konfirmanttid. Og kopien med Follestad-portrettet av «tante Henriette» vekte stor begeistring.
Ny framtid
Nyare historikk fell utanfor denne artikkelen. Men eldre soknerådsmedlemmer frå Stangvik, Todalen og Åsskard hugsar med glede dei festlege fellesmøta på nyåret - som i Karl og Marit Jacobsen si tid. Da stod serveringa og programmet på høgde med kulturkveldane hos Elster og Ebbesen. I storstua har det vore gudstenester, møte og konfirmantundervisning. Og Stangvik-festivalen har gjerne lagt intime kammerkonsertar hit.
Frå 2017 har det ikkje budd nokon i Stangvik prestegard. No i 2020 har ein entusiastisk trio som kallar seg «Kulturspinneriet»,leigd huset av eigaren, Opplysningsvesenets Fond. Gruppa ønskjer å drive kulturarbeid og tilby rom til rekreasjon og aktivitet for større og mindre grupper her. For som ein av kulturspinnarane, Jo Inge Nes, seier: - Det er synd at eit slikt vakkert og historisk bygg står tomt!