Kven er vi?
Her er ein liten presentajon av kven det er som driv Stangvik Prestegard, Kulturspinneriet. Da vi starta prosjektet, var det mange fantastiske venner som hjalp til med dugnadsarbeid for å møblera, mala, vaske og sette huset i stand slik det er i dag. Utan dugnadsånda er slike prosjekt som dette umulege, så takk til alle som har bidrege, og bidreg. Vi håpar du som les kan hjelpe oss med å gjæra huset kjent, slik at det blir bruka så mykje som muleg.
Anders Askelund
Anders er lege, busatt i Trondheim og gift med Brit. Da han etter endt utdanning i Tyskland skulle finne ut kor han skulle ha sin første praksis, kasta han ei dartpil på eit norgeskart. Han hadde tre moglegheiter, og pila havna nærmast Surnadal. Derfor hadde han sin første praksis der, og da var vegen kort til Stangvika, kor han og Brit kjøpte den nedlagte skulen saman med Anders sin bror Ivar.
Anders elskar folk, og folk elskar Anders. Han og Brit er i Stangvika betrakta som nærmast fastbuande, og deltek i alle bygdas dugnadar og arrangemang. Etter ein del år i "Skolestua", bygde dei seg hytte lengre opp i skråninga. Og sidan dei lever eit liv med masse folk rundt seg, og ikkje minst fordi det har vore ein drøm for Anders i mange år, kjøpte dei også i 2020 "Rønnan".
Anders sin store hobby ved sida av er samling. Han seier sjølv at han er "Hiv negativ", altså at han ikkje hiver noko som helst. Alt har ein verdi. Så den som ikkje har besøkt hans vanvittige samling i gamle Kvanne Bedehus, har noko i vente. Er du heldig, blir han med som guide...det kan væra lurt, for du kan lett gå deg vill der inne.
Brit Dyrnes
Brit er Kunstnar, og gift med Anders. Legg merke til at kunstnar her skrives med stor K. Ho har arbeid som keramikker i over 40 år, etter endt utdannelse frå kunstakademiet i Trondheim og i Stuttgart. Ho har hatt utsmykningsoppdrag over heile landet og mottok i 2019 "Norske kunshåndtverkeres Ærespris". I tillegg er det til ei kvar tid full gass og drøssevis med prosjektar rundt Brit. Ho er den som både sitt i styret for Stangvikfestivalen, har gjerne utstilling, men også 30 gjestar som bor og har full oppvartning oppe på hytta. Ho er ein sosial motor, og eit fantastisk aktivum for Stangvik.
Etter å ha stått i spissen for å etablere samvirket "Atelier Ilsvika" i Trondheim, og jobba der i mange år, har Brit no flytta sitt virke hit ut, og etablert "Kvenna Kunstverksted" i Stangvik Sparebank sine gamle lokaler på Kvanne. I tillegg til sin vanlege produksjon, held ho her kurs og seminar til både vaksne og unge. Ho er engasjert i fleire prosjekt på sida av kunsten, både innan reiseliv og kulturutveksling, innlands og utanlands.
Jo Inge Nes
Jo Inge er født i 1972, og er trommeslagar. Da Anders og Brit kjøpte "Skolestua", tok dei tidleg runden rundt for å bli kjent med naboane. I huset rett ovanfor budde ei familie med tre ungar, og den midterste var Jo Inge. Han var 16 år da, og dreiv mykje med musikk.
Etter vidaregåande var plana å starta på ei musikkutdanning. Men det vart utlyst tre fylkeskommunale musikarstillingar med base på Sunndalsøra, og ei av dei stillingane fikk Jo Inge da han var 19 år, og flytta dit. Dei neste 30 åra har han etablert seg som musikkar, pedagog, komponist og produsent i midt-Noreg. I tillegg har han jobba ein del i utelivsbransjen, og vore deleigar og pådrivar i "Søderberg´s eft" og "Øra Kafe" på Sunndalsøra.
Jo Inge har alltid hatt sterke røter til Stangvik, så det var naturleg for ham å bygge seg hytte her. Han har vore med på Stangvikfestivalen sidan oppstarten i 1996, og er no styreleiar. Saman med naboar i hyttegrenda arrangerer dei "Stangvik Matfestival" kvart anna år.
Jo Inge og Brit har også jobba mykje saman i ulike kunstprosjekt. Bl.a. "Terra", som var ei utstilling i Roma i 2003. Ikkje ulikt Brit arbeider Jo Inge også konstant med fleire prosjekt. Han er produsent for "Lady Arbuthnott", Jobbar i "MOT" og held mykje kurs og driv prosjektledelse rundt om for firmaet "Jones kulturleveranser", i tillegg til at han er musikar.