Velkomne til Stangvik Prestegard
Hei, og velkomne hit. Vi vil gjerne få presentere fantastiske Stangvik Prestegard, kulturspinneriet. Historia til huset kan du lese meir om under "historien". Under dei andre fanene står det også mykje anna nyttig om Stangvika og området rundt.
Vi kan fortelja deg at vi; Brit, Anders og Jo Inge tok over her sommaren 2020. Det gjorde vi fordi huset sto tomt, fordi det ikkje lengre var fastboande prest i Stangvika. Vi meinte det var for gale at eit slik staseleg og historisk hus ikkje hadde innhald. Etter å ha snakka med menighetsrådet og Opplysningsverkets Fond starta vi arbeidet våren 2020. ikkje mange vekene etter hadde vi første utleige. Vi ønsker at prestegarden skal væra eit levande hus. Vi ønsker spesielt velkommen folk og prosjekter innen kulturfeltet. konsertar, workshops, seminarer, produksjonsmøter osv. Men vi ønsker også at huset skal kunne brukast til rein rekreasjon og ferie for familier eller grupper.

Kulturspinneriet
Dette bildet er frå åpningskonserten under Stangvikfestivalen 2020. Under festivalen er prestegarden det naturlige samlingspunkt for artistar og frivillige. Her bor dei fleste artistar, her serveres dei fleste måltid, og her er vi sosiale etter endt øvingsdag. Ein av dei viktigaste motivasjonsfaktorane våre er at vi ønsker at huset skal benyttast til kunst og kultur. Vi har derfor kvart år ei veke som vi leier ut gratis til eit prosjekt som vi meiner fortjener det. Følg oss på facebook for å halda deg oppdatert på kva som skjer på Stangvik Prestegard - kulturspinneriet.
Helsing
Brit, Anders og Jo Inge